Age of Empires IV

Vanedannende historieleksjon.

(PressFire.no): Medan imperiumsalderen i den sanne tidslinja i røynda vi lev i starta for om lag 4355 år sidan med det akkadiske riket og held fram den dag i dag med eit land som startar med u og ender på a, går «Age of Empires 4» føre seg mellom 1066 og 1552: i mellomalderen.

I dette sanntidsstrategispelet kan du føre krig og stelle i stand virtuelle humanitære katastrofar på vegne av Kiev-Rus, Mongolriket, England, Frankrike, Romerriket, Kina, Abbaside-dynastiet (basert på Abbaside-kalifatet og Mamelukk-sultanatet) og ein krigselefant-brukande fraksjon inspirert av Delhi-sultanatet.

Det er tale om eit sanntidsstrategispel av den gamle skulen, og medan det ikkje er vidare nyskapande, byd det på ei rekkje interaktive historieleksjonar som både underhaldar og vekkjer kunnskapstørsten – i tillegg til den dopaminutløysande effekten opphopinga av gull, tømmer og militærmakt i slike spel gjerne har.

Gamle kulturar, gamal mekanikk

I «Age of Empires IV» trer du inn i rolla som mektig musepeikar. Som den pila du er, flaksar og flakkar du kring på dataskjermen der du sit og glanar ovanfrå og ned på småtassar som pilar rundt i virtuell skog, mark, landsby og fort. Knepp, seier venstre museknapp, og dine undersåttar helsar deg underdanig på angelsaksisk, gammalaustslavisk og andre gamle språk. Spelarar med betre øyre for arkaiske språk enn underteikna har observert at spelfolket endrar mål i retning av meir moderne språkformar i takt med den teknologiske nyvinninga.

Som seg hør og bør i eit sanntidsstrategispel, lystrast dine kommanderande klikk utan dissens. Bygg her, så der, drep dei der borte. Du klikkar; lystig marsjerer dine undersåttar i dauden. Dine klikk er imperativ og du er ein imperator. Imperator, skal du vite, har same rot som «imperium» og «imperativ» (latinsk imperare, «befale, by»), og tyder keisar (etter Caesar) eller feltherre, «og ingen kunstner vil lykkes med sitt bilde, ingen feltherre vil vinne sin seier og intet folk vil oppnå sin frihet uten på forhånd ha ønsket og kjempe for å oppnå disse tingene i en slik uhistorisk tilstand», for å sitere Friedrich Nietzsches «Historiens nytte og unytte for livet» (1874) på unyttig eller nyttig vis.

I dette verket kritiserer gode gamle filosof-Freddy ein type historiesyn som nærer overdriven beundring av fortidig kulturarv og stikk kjeppar i hjula både for det samtidige livet og samarbeidet om den vidare historia.

Kva for historiesyn «Age of Empires IV» er tufta på, det veit eg i grunn ikkje. Spelet er langt på veg kompetent, definitivt gamaldags, delvis smart, men kan hende utdatert; kva den storstila utgjevinga av eit slikt spel i 2021 skal bety er vanskeleg å seie, og eg er ein smule ambivalent i forhold til det heile.

Knusktørre fakta vekkjer kunnskapstørsten

Aldri før i verdshistoria har eg spelt eit spel som liknar like mykje på ein historisk dokumentar som «Age of Empires IV». Einspelardelen byd på fire heller fengjande historieleksjonar: The Normans, The Hundred Years War, The Mongol Empire og The Rise Of Moscow. Eg klikkar i veg på Jean d’Arc og hennar katolske hærskare, og etterkvart som eg når den eine milepålen etter den andre, triggast ei behageleg og tydeleg History Channel-aktig forteljarstemme som i klare ordlag informerer meg om problemstillingane eg, både den eine og andre imperator, står ovanfor og som står føre meg i det historiske landskapet.

Innimellom slaga får ein sjå vellaga dokumentariske videosnuttar der konturane av mellomalderske krigarar stilreint er integrert i bilete frå dei aktuelle slagmarkene i tilstanden dei er i i vår tid. I tillegg til dei store linene i det historiske narrativet, får ein som løn for strevet – det tar på å klikke så mykje – tilgang til ei mengd bonusinnhald: Korte, informative tekstar og minidokumentarar der ymse ultraspesialiserte handverkarar, historikarar og andre entusiastar informerer om arkaiske byggjemetodar, konstruksjonen og bruken av våpen brukt av hærskarane du fører og fører krig med, psykologien rundt krigstrommer og rustningsdesign og mykje anna dertil. Har du alltid ønskt å vite meir om mellomaldersk (nevro-)kirurgi? Null stress, kjeledress: Det er eit av emna du får eit fabelaktig fun fact-krasjkurs i i «Age of Empires IV».

Medan eg veksla mellom å spele og glane meg gjennom dei fire historiedelane, kunne eg formeleg kjenne korleis nye kognitive knaggar for samankopling av kunnskap blei spikra opp på min hjernebark. Synd det berre er halvparten av fraksjonane som har fått slik historisk handsaming, for min kunnskapstørst blei vekt til liv og eg skulle til dømes godt likt å vite meir om desse krigselefantane. Kan hende må eg lese ei bok – eller høyre podcasten «Slaves And Sultans: The Sultanate of Delhi»?

Ja, dersom eg hadde tenkt å spele meir «Age of Empires IV», ville eg nok ha klikka meg gjennom den eine skirmish- og fleirspelar-runden etter den andre med historiske podcasts som Daniele Bolellis «History On Fire» og Dan Carlins «Hardcore History» dundrande i bakgrunnen: Den mongolske delen sette eg ekstra pris på fordi det minte meg på ting eg lærte frå «Wrath of the Khans»-serien til sistnemnde.

Men eg har ikkje tenkt å spele meir «Age of Empires IV».

Mellomaldersk kirurgiinnføring

Det er ein litt trøytt trope, dette med konkurranse, konflikt og krigføring som drivkraft for teknologisk utvikling. Eit klassisk eksempel er kryssklippet frå menneskeapen si knokkel-klubbe til romstasjon i «2001: A Space Odyssey». Men der den kritiske brodden i Stanley Kubrick og Arthur C. Clarkes sidestilling av ur-mordvåpenet med romfartsteknologi er openberr, er «Age of Empires IV» knusktørt faktaorientert, hardbarka nøytralt og milevis frå kritisk til noko som helst. Her er det krig og erobring som står i fokus, men det menneskelege, lidinga og elendet og det politiske maktspelet, blir ståande bortimot fullstendig, som om det reint var gløymt bort, i bakgrunnen.

Eg minst stadig dei skrekkingytande dødsskrika til soldatane i «Command & Conquer: Red Alert» (1996), men fanst det nokon uttrykk for smerte blant dei mange tusen digitale endelykta eg var vitne til i «Age of Empires IV»? Ingen som gjorde inntrykk, iallfall.

Idéen er kanskje at spelaren skal fargeleggje det emosjonelle tomrommet mellom dei tørre historiske linene ved hjelp av eigen empati, fantasi og vurderingsevne. Slik sett kjem dei dunklare augneblunkane i minidokumentarane godt med, til dømes dei smått galgenhumoristiske demonstrasjonane av korleis frisør-kirurgane tidleg på 1400-talet flådde bort huda før dei amputerte lemmer med sag («zzz, zzz, zzz», som det seiast) og prosedyren for å trekke pilspissar ut or kjevar. Utan anestesi.

Godt å høyre at all von ikkje var ute for prinsar som blei skotne i trynet for seks hundre års tid sidan, og ved sidan av innføringa i mellomaldersk krigshistorie med fokus på teknologi, fungerer historiedelen som innføring i spelmekanikken – ein elegant utført tutorial. Og tradisjon tru, slik det har vore sidan ur-sanntidsstrategispelet «Dune II: Battle for Arrakis» (1992), er det klatring på teknologitreet som står i sentrum.

Absurd teknologitreklatring

Sanntidsstrategisjangeren er i grunn prega av ein uutgrunneleg absurditet. Du befaler reisinga av det eine byggverket etter det andre, og der inne, mellom dei nyreiste veggane, snikra i hop på rekordtid, produserast soldatar og stridsvogner til den store gullmedaljen – så lenge du meistrar å finansiere det heile ved å grave etter gull, hogge tre og hauste melange eller sanke tiberium. Infanteriet lystrar uten å mukke, får aldri panikk, muntert går dei for deg døden i møte.

«Age of Empires IV» er i essens omtrent akkurat slik, og sjølv om eg blei engasjert av måten historiedelen presenterer intrikate erobringstaktikkar og mellomalderske teknologinyvinningar, kjendest det rett som det var ein smule... tullete. Stundom var det som om eg tok del i eit historisk reenactment, ein halvt stivbeint og halvt slarkete prikk-til-prikk-representasjon av ein serie historiske linjer.

Fleirspelardelen (og skirmish-modusen, der ein speler mot og med ein eller fleire bots) er nok meint som hovudretten på «Age of Empires IV»-menyen. Kanskje dedikerte fleirspelarar med sterk vilje og ork til tett samarbeid om koordinerte flankeringar og utspekulert taktikkeri kan nå eit høveleg avansert nivå av raffinement når det gjeld speling av dette spelet. Kanskje ikkje.

Spelet vil sannsynligvis bli rebalansert ein gong eller tre dei neste vekene og månadane, men så vidt eg kan forstå handlar dette mest om å kome seg tett opp mot maksimumsstorleiken på 200 einingar raskt, og eg har vanskeleg for å sjå for meg korleis ein «Age of Empires IV»-runde blant einsame spelarar kan vere særleg meir hokus-pokus enn at den som er raskast på klikkelabben og best til å pugge dei forskjellige fraksjonane sine teknologitre, vinn. Pluss litt flaks, då.

Spelet er dels vellukka som sanntidsstrategirevival, men kantane er frynsete. Kvifor tretoppane endrar rendering mot kanten av skjermen og festningsveggar stundom ser ut til å stå på skakke dei første stundene etter at eit brett er lasta har eg vanskeleg for å forstå, og grensesnittet kunne godt vore betre: Menyane er kaotisk monotone.

Mange forskjellige bygg og einingar ser bortimot dønn like ut. Rett som det er går hotkey-systemet eg har sett opp for å halde styr på troppane mine, i oppløysing i det hektiske virvaret langs krigsstien, og plutseleg anar eg ikkje kvar dei forskjellige avdelingane mine har blitt av. Det hjelp ikkje det spor at minikartet er så lite at det grensar til ubrukeleg – ei melding poppar opp om at nokon er under åtak, ein blopp blippar opp midt på minikartet ein stad, og eg famlar rundt i krigsskodda på jakt etter dei stakkars krigsskipa som tok ein feil sving. Og sjå, der står det plutseleg ein ridande ryttar til hest og stangar frå side til side med hestehovudet i festningsveggen og veit ikkje kvar han skal gå, stakkar.

Invasjonane kjem gjerne til eit punkt der dei går på automatikk, men stundom bestemmer den kunstige intelligensen seg spontant for å ta ei pause midt i ein brennande landsby medan medborgarar slaktast ned av ein einsam krigar rundt neste kvartal, skarve tre-fire-fem centimeter vekk.

Smått om senn fekk eg inntrykk av at «Age of Empires IV» er meir komplisert og mindre sofistikert enn det burde vere. Det var kjekt å få kunnskapstørsten vekka av eit spel, men det kjenst som eg har lært historieleksa den dokumentariske delen av spelet har å formidle. Kan hende åt eg meg mett på forretten, men eg kjem neppe til å returnere til desse slagmarkene.

Oppsummering
Positivt
Historiedelen vekkjer kunnskapstørsten. Mang ein fengjande og informativ minidokumentarar om fordums tids krigføring. Det tradisjonelle sanntidsstrategigameplayet har ein viss vanedannande effekt. Meiningsfylte forskjellar mellom enkelte av fraksjonane.
Negativt
Lite nytt frå sanntidsstrategifronten. Kvar fraksjon skulle hatt ein kampanjedel. For lite minikart, for tett kamera og for dårleg oversikt over hektiske situasjonar på slagmarka.
Del gjerne:
Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3