Far Cry 6

Vakker hyrdestund som rekkjer hallvvegs åt revolusjonen.

(PressFire.no): Ein, to, tre, på det sjette skal det Che – nesten. «Far Cry 6» reparerer mange av problema til sine forgjengarar og er nær ved å vere eit gjennomført framifrå innslag på serien si stamtavle. Men sjølv om dette er det mest varierte, best balanserte og – både når det gjeld skodespel og spelbarheit – mest velspelte «Far Cry»-spelet til no, slår seksaren krokfot på sitt eige potensiale og står berre nesten til ein seksar.

«Far Cry» og meg, vi går way back, skal du vite. Eg har det alltid gøy når eg leikar meg med «Far Cry». Nummer ein i serien var ulikt noko vi hadde sett før. Det meir hardbarka og realistiske «Far Cry 2» var nyskapande på mange vis, til dømes måten det kunne finne på å utan forvarsel gjere leiesoldatlivet ditt surt ved å kile fast mekanikken i dine virtuelle våpen midt under ein prekær paramilitær operasjon. Frå og med «Far Cry 3» har tilnærminga vore ganske lik: Du, ein ansiktslaus framand, forvillar deg på eit eller anna vis inn i ei ope, naturskjønn verd, snublar ufrivillig inn i ein valdeleg motstandskamp og blir løfta fram som ein ultravaldeleg frelsar; fallskjerm, hangglider, helikopter, det må jo til, ah, og ikkje minst: store eksplosjonar.

«Far Cry 6» gjennomfører oppskrifta med stor bravur samstundes som det reparerer nokre av problema til forgjengarane. Dersom du, som meg, veit å setje pris på det elleville «Far Cry»-signatur-gameplayet, vil du ha ei sann hyrdestund med dette innslaget i serien, for så snart ein kjem inn i flyten, byr det knapt på ein keisam augneblunk.

Far Cry 6, , large

Utradisjonell spelfigur

Du, Dani Rojas – ein utradisjonell «Far Cry»-spelarfigur som faktisk høyrer heime i konflikten og både har andlet, stemme og valfritt binært kjønn påskrive det falske passet – snublar ufrivillig inn i ei paramilitær rørsle som driv væpna revolusjon for å kuppe diktaturet i Yara, ein fiktiv karibisk øystat.

Soga er laust inspirert av den Che Guevara- og Fidel Castro-leia geriljarevolusjonen på Cuba, og utforskar korleis ein tilsvarande opprørskrig frå grasrota kunne utarta seg sånn cirka no, i ei verd med internett og kryptofascistiske tendensar.

Utstyrt med heimelaga våpen som skyt fyrverkeri og brente Macarena-cdar, ryggsekk med rakettmotor som let deg gjennomføre horisontale dobbelthopp og med ein humørsjuk revolusjonær kalkun og kjempesøt, blodtørstig krokodille med på laget, lyt du samle motstandsgruppene slik at dykk i fellesskap kan underminere tyranniet.

Diktatoren Anton Castillero, meisterleg spelt av drug lord extraordinaire Giancarlo Esposito («Breaking Bad», «Better Call Saul», «The Mandalorian»), er ein hardbarka høgreekstrem tyrann som vil skvise seg inn i den globaliserte kapitalistiske hegemonien og tene grassalt med spenn på legemiddel og kjemiske våpen testa på ufrivillige menneske og produsert ved hjelp av slaveri. Ei humanitær og økologisk katastrofe, sjølvsagt, men dette er ein politikar som opererer som den reinaste «Dark Knight»-Batman, sjølvgod i sin elitære overklassestatus, fanatisk i si ideologiske overtyding og skruppellaus nok til å ofre uskuldige utan å blunke.

Misforstå ikkje: Medan Yara i stor grad er basert på Cuba, er diktatoren i dette diktaturet ingen kommunist eller Castro. Castillero er ein autoritær kapitalist, og ofte let retorikken hans som eit (meir velartikulert) ekko av Trump  – du veit, han der avdanka wannabe-despot-businessmannen som var president for Sambandsstatane og prøvde å undergrave demokratiet og kuppe sin eigen stat. Castillero deler folket ideologisk inn i kategoriane «True Yarans» og «Fake Yarans»; han samanliknar dei revolusjonære med terroristar på same vis som Trump kalla antifa og anarkistar for terroristar; han har eit formidabelt propagandaapparat i ryggen som kan få den mest ublyge løgn til å framstå som sann.

Far Cry 6, , large

Kapitalistisk orden og skyhøyre renter i Verdsbanken

Det som kritiserast i «Far Cry 6» er den globaliserte kapitalistiske ordenen og måten nasjonar som ikkje dansar etter USAs hegemoniske pipe haldast nede av handelsblokadar og skyhøge renter i Verdsbanken. Høyrast det tørt ut? Frykt ikkje, for som seg hør og bør med eit «Far Cry»-spel, er dette spinnvilt og karikert med palpabelt slektskap til åttitals actionfilm. Det er tale om satire, og mykje av nyttelasten leverast i galgenhumoristisk innpakning.

Ta til dømes den kanadiske våpenhandlaren som samarbeider med Castillo. Ved sidan av å gi eit glimt av profittmotivet kring krigføring og å røre ved temaet korrupsjon, blir denne slimålen av ein karakterlaus kapitalistkarakter brukt som medium for postkolonialistisk sjølvpisking frå dei kanadiske utviklarane si side – han kallar folkemordet på urfolket ved sitt rette namn.

Stundom er det herleg å leve i denne kulturelle augneblunken som vi for tida kallar 2021. Men medan historia i «Far Cry 6» har skarpare brodd enn AAA- og Ubisoft-spel ellers, er det ikkje like gjennomført i sin kritikk som eg byrja å utvikle håp om eit stykke inn i spelopplevinga.

Hovudproblemet med «Far Cry»-spela har ofte å gjere med måten mangefasetterte og samansette antagonistpersonlegdomar presenterast og brettast ut med stor ambivalens, utan at soga meistrar å følgje opp oppsettet ved å kome fram til nokon form for meiningsfylt bodskap ut over å implisere at spelarkarakteren – og dermed, spelaren sjølv – òg kanskje er eit dobbeltmoralsk monster, sidan du ser ut til å nyte å myrde digitale folk og dyr og øydeleggje desse vakre, virtuelle omgjevnadene, så kanskje du skulle ta og skamme deg litt, eller?

Kanskje denne meta-ludonarrative problemstillinga var interessant i 2012, då «Far Cry 3» og «Spec Ops: The Line» kom ut, men no, i 2021, når alle som følgjer litt med og er litt ærlege med seg sjølv veit at nesten alt står på spel for nesten alle, framstår slikt kvasifilosofisk vissvass som gamaldags og dekadent intellektuell luksus.

Far Cry 6, , large

Snublar midtveis

Den tvilande og uklare narrative tilsulkinga startar oftast tidlig i eit «Far Cry»-spelet, blir tydelegare i sin utydelegdom litt etter litt, og når til slutt aldri nokon meiningsfylt konklusjon. Men «Far Cry 6» er annleis. Soga er denne gongen langt på veg klar, tydeleg og fri for den fjollete forma for påteken ideologisk tvil som det i grunn er ganske openljost at megaselskapet Ubisoft insisterer på grunna forkvakla idear om at ein stor del av «målgruppa» (dvs. kundane dei tener spenn på) er reaksjonære, kvite, protofascistiske gamer-bros med låg evne til kritisk tenking og oppsvulma, såre ego. Jøss, tenkte eg lenge, har pipa til Ubisoft fått ein annan låt etter det patetiske kuppforsøket til alt-rightarane i USA?

Nær, men ingen kubansk sigar: I siste time av hovudhistoria senkjast den ideologiske sleiva og rører politisk potensial og samanhengen i soga saman til ein meiningsfattig graut. Ja, sørgjeleg nok har det seg slik at medan hovudhistoria i det store og det heile er svært interessant og uvanleg ublyg i sin samfunnskritikk, fell narrativet i fisk i siste akt.

Opptakten til det siste innrykket inn i diktaturet sitt hjarte blir ei forvirrande og rotete affære, prega av merksnodige impulshandlingar hjå enkelte sentrale rollefigurar, og fleire gonger i løpet av dei om lag siste fire prosenta av forteljinga, degenererer koherensen kvikkare enn du kan seie «kontrarevolusjonær kapitalistklassekakse con kognitiv dissonans». Og dessutan, av ein eller annan snodig grunn, er det siste attentatet akkompagnert av klisjéfylt hollywoodsk triumfmusikk av billigaste sort. Dramatisk afrokubansk musikk, og det fins det jo mykje av, ville gjort seg langt betre.

Nok surmuling for ei stund: Musikken er ellers svært god. På radio og usb-pennar ein kan finne rundt om kring på Yara, fins eit breitt utval latinamerikansk musikk frå no- og fortid innan stilartar som son, salsa, punk, metal, raggaeton og hiphop. Banda som speler i leirane er truleg dei beste digitale musikantane eg har sett i eit spel, framstilt med imponerande presisjon ned til grepa på kontrabasshalsen og slap-slagteknikken til congueraen.

Far Cry 6: Top reasons to get you excited for the game

Du, vakre Yara

Den skuffande konklusjonen til tross, er «Far Cry «6 er eit spel med ein enorm detaljrikdom. Øyriket Yara er omfattande, naturskjønt og fullt av virtuelt liv. Kvar åskam og dalføre har karakter, kvar hole sin eigen personlegdom, til og med militærstasjonane, som har det med å vere blant dei meir grindy og repeterande delane av eit «Far Cry»-spel, byd på stor nok variasjon til at destruksjonen av dei ikkje blir monoton og keisam. Og du må heldigvis ikkje jakte på dyr støtt og stadig, men hest kan du ride på når du vil, lik ein slags ridande revolusjonær til hest.

Sjølv har eg om lag førtifem timar på samvitet med «Far Cry 6». Første halvdel av hovudhistoria tok eg det rimeleg lugnt og let meg viljug distrahere av alle slags interessante sideaktivitetar. Eg somla av garde og opplevde knapt ein keisam augneblunk, og det skal eg ærleg innrømme: Eg har låg toleranse for repeterande aktivitetar og har det derfor med å bli lut lei av dei fleste spel høveleg fort, så min nærast totale mangel på keisemd medan eg spelte «Far Cry 6» er ein stor kompliment.

Siste halvdel såg eg meg nøydd til å rushe ein smule for å kome gjennom historia i tide, og eg misunner deg litt, kjære lesar: Dette er ei speloppleving som – litt på same måte «Don Quixote» bør lesast rolig, ei side om gangen, etterfølgt av kontemplasjon medan ein i ærefrykt skodar ut over Moder Jords formidable natur og blæs oljetankane i horisonten til himmels – gjer seg best i rolig tempo. Eg ville heller tatt det rolig og brukt eit par titals timar ekstra på utflytande utforsking av øystaten enn å haste av garde gjennom hovudoperasjonane viss eg var deg, altså.

Fleire timar i «Far Cry 6» skal det bli på meg òg, lell. For eg har stadig flust med nye sidesoger å gi meg ut på og skattar å jakte etter, eg har enno ikkje fått tak i den segnomsuste flygande bilen med hangglider på taket eller noko slikt (dette er jo «Far Cry») og eg har knapt rukke å stifte kjennskap med mi amigo Chicharrón! Ein ting eg har klart, og det var ikkje enkelt, er at eg har klart å scanne QR-koden på halsbandet til robothunden min – som eg forresten trur er ekstramateriale ein må betale for. Ikkje gjer det, for mikrotransaksjonar er til for å lure folk trill rundt. Og ja, ein kan faktisk spele hanekamp mot kvarandre i co-op-modus, og co-op i «Far Cry 6» er gode greier, særleg dei delene som er spesialdesigna for samspel, og dei skal det sanneleg min hatt òg kome fleire av post-launch.

«Far Cry 6» er djupt nok til å tillate forskjellige spelestilar og variert taktikk samstundes som det er enkelt og fleksibelt nok til å berre vere skøy. Co-op-speling på si side fordrar ein noko høgare grad av planlegging, for med ein co-op-kamerat ved si side kan ein ikkje ganske enkelt pause spelet midt under eit slag – å hjelpes, for nokre intense slag – for å  skifte digitale klede og flytte rundt på sine hundre forskjellige skytevåpen i ro og mak. Og når det gjeld våpen, så tok det ei stund før eg blei van med arbeidsbenk- og arsenalsystemet – noko skill tree finst det (heldigvis) ikkje her – men etter nokre timar byrja det heile å gi meining, og eg fekk etterkvart dreisen på å preparere eit arsenal som kunne hjelpe meg gjennom kniper av forskjellig art. Sa eg at grafikken er god? Grafikken er god. For nokre vakre sceneri ein kan meske sine auger med her i Yara! Solnedgangen ser godt ut med raytracing.

Når alt kjem til alt er «Far Cry 6» eit spel som er laga med stor kjærleik, eit verk som trur på kunsten og på musikken og på det menneskelege og som trur på krafta i samhaldet på grasrota. Det er tydeleg at spelet er laga av utviklarar som er klar over korleis propagandisering kan leie folk på ville veger, men essensen i soga kommuniserer òg ei tru på at det er mogeleg å motverke propaganda og løgn med sanning og (med)menneskelegdom. Fundamentet til forteljinga er – overraskande nok – innsikt i den lagvise, systematiske undertrykkinga og den ubalanserte globale maktfordelinga som kapitalismen har leia til, og sjølv om avslutninga er eit sabla, ukledeleg rot, resonnerer «Far Cry 6» fortsatt med Ernesto «Che» Guevaras utsegn om at den viktigaste kvaliteten til ein revolusjonær er kjærleik: Kjærleik til det sanne og til det rettferdige.

«Far Cry 6» er lagt opp til å vere gjennomført antifascistisk i sin bodskap, og det virkar ganske tydeleg at den narrative sabotasjen er gjort med intensjon, ikkje ved eit uhell eller inkompetanse hos forfattarteamet: «Let's break a country», seier ein nøkkelkarakter. «Let's liberate a country», skulle dei ha sagt. Og det rimar jo, nesten, til nauds, då.

Ja ja, at dei revolusjonære støvlene skulle halde heile vegen var vel for mykje å håpe på frå eit gigantisk, bydelsgentrifiserande, hyperkommersielt, multinasjonalt føretak som Ubisoft. Typisk at revolusjonen skal saboterast av tåkete, men openberre og dårlig funderte profittmotiv. «Poison is money», som eit par hanskar eg fekk kloa i «Far Cry 6» heiter. Dersom du les dette, Ubisoft, så vil vi at spela vi speler skal vere solid, ordentleg kunst, så kanskje det er på høg tid å gi utviklarane ordentleg kreativ fridom neste gong, ok? Kan hende er det for mykje å håpe på med storspel som dette, men som Che sa: «Ver realistisk, krev det umogelege! -Viva libertad, de Pinga.

Oppsummering
Positivt
Øystaten Yara er ei livaktig og gigantisk spelverd der kvar lille avkrok er detaljert og designa med omhug. Vakre sceneri framstilt med varm palett og målarisk raytracing. Framifrå, mangefasettert karaktergalleri. (Chicharrón!) Ei langt på veg god historie prega av innsikt i samanhengen mellom fascisme, imperialisme, krigsprofitering og sosial ulikskap. Dynamisk og passe djupt gameplay utan grindy tralt. God co-op. Fritt for langdryge bossf
Negativt
Enkelte problem med trigging av oppdrag, respawn-punkt og klatremekanikk. Historia held seg nesten fri for den obsternasig posisjonslause tendensen Ubisoft har til å sulke til alt av potensiale for meining og innsikt, men så blir avslutninga eit meiningsfattig kompromiss likevel. Apropos megakonglomerat: Mikrobetaling er vondskap. Berre ein enkelt autosave, ingen pauseknapp i cutscenes. Farlig dersom noko skulle hende i den eksterne røynda.
Del gjerne:
Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3