Annonse

PowerSlave Exhumed

Klaften – eller khaten – av for Nightdives framifrå renovasjon.

19:59
18:07
Utvikler
Nightdive Studios
Utgiver
Nightdive Studios
Slippdato
10. februar 2022
Plattformer
PC, Switch, Xbox One, PS4
Annonse
18:07
19:59

Fy farao! Eg forventa eit egyptologisk «Duke Nukem 3D» med «Ancient Aliens»-vri, men Nightdive Studios’ nyaste 90-talsremaster, «PowerSlave Exhumed» byr på så mykje meir enn som så.

Nightdive står etterkvart bak ei lang rekke framifrå renoverte utgåver av spel frå slutten av 90-talet, gjenskapt i deira KEX-spelmotor og tilpassa kontemporære konvensjonar og konsollar. Mange av utgjevingane deira byd på langt meir enn sedvanlige, simple DOSBox-batchar.

I tillegg til tilpassing for moderne kontrollkonfigurasjonar, støtte for handkontrollerar, grafiske forbetringar og ymse livskvalitetsinnstillingar, inkluderer Nightdives framifrå «Quake»-remake til dømes den unike Nintendo 64-utgåva av spelet (som, i den konsise stilen til «Doom64» – nok ein konsollvariasjon Nightdive har plukka fram frå spelhistoriegløymeboka – heiter så mykje som «Quake64»), medan «Shadowman Remastered» er ei framifrå amalgamering av PlayStation- og Dreamcast-versjonane av den underkjente 3D-metroidvania-kultklassikaren, oppdatert for komfortabel speling over to decennium seinare.

Til si nyaste utgjeving har utviklarane grave rundt i Sega Saturn- og PlayStation 1-utgåvene av «Exhumed» (kjent som «PowerSlave» i Amerika og «Seireki 1999: Pharaoh no Fukkatsu» i Japan) og kombinert det meste av det beste frå dei to konsollversjonane. KEX-motoren debuterte med level-designaren Samuel «Kaiser» Villarreal (tidligare kjent som «Deathman») si uoffisielle konvertering av Playstation-utgåva, «Powerslave EX» i 2015. Villarreal, spelmotor og renovasjonsprosjekt blei plukka opp av Nightdive, og endeleg er sluttproduktet ute. Resultatet: Ein pyramidal triumf.

Du trer inn i rolla ein maskulin mannemann av typen som bryt ut i brunstige «umf» når han hoppar og sprett. Som del av eit internasjonalt, handplukka team samansett av dei beste av dei beste spesialstyrkane, er oppdraget ditt å infiltrere Karnak, eit tempelkompleks som i si tid var del av den egyptiske oldtidsbyen Thebes. Spelet startar idet du hoppar ut av eit styrtande helikopter og landar, bums i bakken, ved kong Ramses’ gravkammer.

Noko har gått frykteleg gale i Karnak. Ukjente krefter har infiltrert den urgamle sivilisasjonen. Makthavarar verda rundt har sendt inn styrker, ingen har kome ut igjen. I følgje den einaste karnakianske flyktningen, har olme, utanomjordiske vesen ete kvinnene og barna og sett mennene i trældom. Fleirfaldige har blitt flådd levande og lemlesta, andre har blitt utsett for skrekkelege tortur-eksperiment, injisert med skumle kjemikaliar og mumifiserte i levande live. Dertil har okkupantene røva mumien til Ramses den store frå sin sarkofag for å gjenopplive honom og bruke hans mektige makt til å kontrollere verda, lik ein slags udaud «MaktSlave» – dei har nok følgt med i historietimen: Den historiske Ramses II blei nemlig rituelt omforma til ein gud under Sed-festivalen i 1249 fvt.

Så der tumlar du ned, utan kommunikasjonsmiddel og andre våpen enn ein machete, ved inngangen til gravkammeret.

Du knuser potter av pikselkeramikk, hakkar raude og blå sprettande skorpionar hakk i hel, plukkar opp ein revolver og plaffar ned eit par zombie-Anubis før Ramses manifesterer seg som eit gigantisk, svevande hovud og brifar deg på oppdraget ved hjelp av den buldrande til stemmeskodespelaren Don LaFontaine, «kongen av filmtrailerar».

Eg forventa ein høveleg beint fram førstepersonskytar, men «PowerSlave Exhumed» viste seg raskt å vere noko ganske unikt. MS-DOS-utgåva, bygd med Build-spelmotoren, var meir eller mindre som «Duke Nukem 3D» eller «Blood» i egyptisk setting, men konsollversjonane som her har blitt gjenstand for renovasjon, inneheld mykje innovasjon.

Det er tale om ein slags metroidvania i førstepersonsperspektiv frå 1996, seks år før «Metroid Prime» og kort tid etter at «Hexen: Beyond Heretic» og «Strife: Quest For The Sigil» revolusjonerte Doom-klon-sjangeren ved å bruke eit sentralt «hub»-system i stadet for lineær progresjon frå det eine brettet til det neste. Slikt var oppsiktsvekkjande på 90-talet – hoppeknappen var òg ei openbaring i «Strife» og «Hexen».

I «Powerslave Exhumed» kan du ri fritt fram og tilbake mellom brett på din sprite-kamel, du får tilgang til nye område etterkvart som du får kloa i magiske sandalar som gjer deg meir spretten og andre evneoppgraderingar. Ramses-hovudet returnerer du til støtt og stadig for nye peikepinnar. Innan spelet er omme er du ein mektig halvgud: For få timar sidan hakka du nervøst på skorpionane med ein ussel machete; no kastar du haglbyer av brennande sprettballar ned over dine fiendar der du flagrar rundt som den reinaste Super Mario-døds-engel i det høge.

Men sjølv om spelet er ein rusande power trip, held det fram med å vere utfordrande til siste slutt. Sjølv når du returnerer til tidligare brett, blir vanskegraden justert oppover etterkvart som du tileignar deg nye våpen og evner.

Kampane er intense, og oscillerer mellom vilt kaos i høgt tempo og meir taktiske konfrontasjonar. Våpenarsenalet er ikkje stort i talet, men svært variert, og byd både på maskingevær og tryllesepter. I stadet for forskjellige ammo-pickups, gir krukkeknusing og fiendedreping tilfeldige raude og blå og store og små drops. Raude kuler er helsebringande, blå er «våpenkraft» og fyller på det våpenet eller trylleformularet du har framme. Ofte blir ein nøydd til å setje dei små grå i sving og planlegge framover – treng du varmesøkjande kobraslangar rundt neste hjørne eller kjem eit eksplosivt bombehopp til større nytte?

Den første stunda var eg skeptisk til det restriktive checkpoint-systemet, men etterkvart som eg lærte spelet å kjenne, gav det meining at det ikkje let meg quicksave etter kvar vellukka konfrontasjon og hinderløp. Dei knappe sjekkpunkta gjer at ein utviklar nær kjennskap til banene og bidrar, i kombinasjon med vilkårlige ammo- og helsedrops, til ein dynamisk spelmekanikk med god balanse mellom slumpetreff og strategi.

«PowerSlave Exhumed» er ei rik og variert reise gjennom veldesigna brett, og din piksel-kamel tar deg med, lik ein slags ridande ryttar til kamel, til eit breitt utval ørken-, sump-, fjell- og undervasstempel, kolonibyar i utanomjordisk arkitektonisk stil, vulkanske elvelandskap og romslege vakuum med mystifistisk «Stargate»- og «Det Femte Element»-feel. Spelet er fylt med lange fall gjennom langstrakte vertikale lavakanalar og lumske løyndomar som krev fryktlaus bruk av heilage handgranathopp og laserdanseteknikk på Catherine Zeta-Jones-nivå (du veit, «Entrapment»).

Nokre av dei mest utspekulerte laserdans- og plattformsekvensane er visst vanskeligare enn før fordi ein bøgg i lanseringsversjonen gjer spelar-hitboksen ein smule for stor. Denne svulmande digitale auraen samt manglande musinvertering i PC-versjonen skal visstnok fiksast i ein patch.

Uansett, med nok presisjon og pågangsmot er det likevel mogeleg å få tak i alle dei 31 «Team Dolls»-sjølvportretta som er gøymt på dei underlegaste stader. Løn for strevet får ein i form av nye evner (og achievements), men bonusspelet i Saturn-versjonen, «Death Tank», er diverre ikkje å finne – heller ikkje den segnomsuste «Lobo-Flight»-post game-modusen som mellom anna gjorde våpenbruken meir effektiv.

Lat meg parafrasere Amandus Dokkemann: Ved Heru-ra-ha, no må eg le, det er så mykje rart å sjå, og medan det visuelle er eit syn for såre, pikselhungrige auge – med eit imponerande rikt og fleksibelt biletrøyr-filter dertil – er musikken er òg noko for seg sjølv.

Her får ein meske trommehinnene med ørkeninspirert karavane-ambient og rituell syntetisk kamelrock som gjer at ein formeleg kan kjenne den elektriske panfløytepusten blåse silkemjukt over dei digitale sanddynene, spartanske perkusjonssoloar speglar einsemda ein elitesoldat sikkert kjenner på når dei er omringa av ein hær av teleporterande, antropomorfe kattevesen og hovudskalle-skytande mumiar.

Og sjølvsagt er bossfights, slik det seg hør og bør i eit spel kalla opp etter ein Iron Maiden-song, akkompagnert av midi-power metal.

Med denne remaken har Nightdive Studios gjort eit solid stykkje arbeid som eg vil tru kva egyptisk gud som helst har hugnad i. «PowerSlave Exhumed» fortener å spelast – av meg, deg og alle andre retro-fps- og metroidvania-entusiastar. Tre gonger tre Heru-ra-ha!

https://www.youtube.com/watch?v=hWWY_kf9boA

Denne artikkelen er skrevet av vår satire-konsulent Segata Satiro, og følgelig bare bambus.
Se alle podcaster på Podcast-sidene.
Les alle våre «Den gangen da...»-tekster på undersiden her, eller se andre retrosaker her.
Les mer om spillrelaterte ting som skjer i Norge på vår underside her.
Les mer om e-sport og konkurransespilling på vår underside her.
Les flere meninger på vår samleside her.
Mer om:
No items found.
Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3
Oppsummering
Positivt
Framifrå ikkje-lineær level design med evneoppgraderingar i metroidvania-stil. Forunderleg frisk variasjon over kvikt, klassisk fps- og plattformgameplay med god dynamikk. Ei eventyrleg retroactiongavepakke utan ein keisam augneblunk. Flust med «quality of life»-val, rikt CRT-filter.
Negativt
For stor hitbox, manglande «invert mouse» (patch skal vere på veg). Ingen «Death Tank» eller «Lobo-Flight mode» (som eg har klart å finne – ikkje overskriv 100%-saven din).
Skjermbilder (klikk for større)
No items found.
Klaften – eller khaten – av for Nightdives framifrå renovasjon.
PowerSlave Exhumed
Rasmus Hungnes

Publisert 
Andre artikler om emnet
No items found.
Andre artikler

PowerSlave Exhumed

Positivt
Framifrå ikkje-lineær level design med evneoppgraderingar i metroidvania-stil. Forunderleg frisk variasjon over kvikt, klassisk fps- og plattformgameplay med god dynamikk. Ei eventyrleg retroactiongavepakke utan ein keisam augneblunk. Flust med «quality of life»-val, rikt CRT-filter.
Negativt
For stor hitbox, manglande «invert mouse» (patch skal vere på veg). Ingen «Death Tank» eller «Lobo-Flight mode» (som eg har klart å finne – ikkje overskriv 100%-saven din).
Annonse
Ansvarlig redaktør: Jarle Hrafn Grindhaug
Redaksjonssjef: Erik Fossum
Salg/Sales: sales@pressfire.no
dark mode